Flyktning frå Ukraina har starta bilpleie på Øyne i Valle
Vladyslav Lukian kom til Valle saman med kjærasten Oleksandra, og busette seg på Øyne i Valle saman med bror til Oleksandra, Maksym. Vladyslav har no etablert seg som bilpleiar i lokala ved Valle Bil.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 25.07.2025 09:34
Sist endra 25.07.2025 09:34
Flyktningekonsulent i Valle kommune Birgit Homme Harstad og bilpleiar Vladyslav Lukian i lokala på Øyne.
Valle kommune
Medan Oleksandra var i språkpraksis ville altså Vladyslav finne seg arbeid - og han ville stå på eigne bein! Maksym, som eigentleg er elektrikar, fekk seg språkpraksis i Valle Bil, og Vladyslav, som hadde temaet korleis starte eiga verksemd som del av sitt introduksjonsprogram, og tidlegare har arbeidd i bilpleiebransjen i Tyskland, såg mogelegheitene på Øyne. I vår starta han opp verksemda DetailHus, og leiger lokalar både av Valle Bil og Valle kommune. Der er det meste av bilpleie tilgjengeleg, med ein bilpleiar som alt har vist at han står på og gjer det han kan for å imøtekome kundane.
– Godt samarbeid
Flyktningekonsulent i Valle kommune, Birgit Homme Harstad, gler seg over resultata Vladyslav alt kan vise til.
– Det aller viktigaste her har vore Vladyslav sin eigen motivasjon. Så har det vore nødvendig med godt samarbeid mellom flyktningetenesta og næringsrådgjevar i Valle kommune. Kommunen har fått på plass gründeropplæring spesielt lagt til rette for ukrainske flyktningar, der ein kan lære mykje om å starte opp ei verksemd. Valle kommune har også eit etableringstilskot på 25.000 kr. som er ei god starthjelp, seier Homme Harstad.
Og Vladyslav? Han gnur på med alt frå vask til rens av det meste i bilen - med eit smil om munnen, masse energi og eiga verksemd i full gang!