Folk i Valle må sjekke drikkevatnet!

På grunn av trykkslag i hovudvassleidningen i Valle kan folk i bygda oppleve brunt vatn i krana. Ein må difor sjekke vatnet godt for misfarging før ein drikk det eller bruker det i matlaginga.

Trykkslaget skjedde i dag torsdag 5. juni. 

– Ved eventuell misfarging må ein la vatnet renne heilt til det er klar farge på det att, seier Torleif Homme i Valle kommune.

Ikkje farleg

Det misfarga vatnet er ikkje farleg å bruke, men særleg delikat er det ikkje.

– Ein må også sjekke varmtvasstanken, eventuelt og om sikkerheitsventilen har slått ut. Viss den har det, vil det bli lekkasje og ein må kontakte røyrleggjar umiddelbart, seier Homme.

Problemet i vassleidningen er alt reparert, så det er etterdønningane ein no må handtere.