Folkehelse og livsmeistring i Valle skule

Læreplanen for kunnskapsløftet LK20 legg stor vekt på tverrfagleg arbeid, og eit av temaene er folkehelse og livsmeistring. Det tar Valle skule på alvor.

Ut på tur i Valle skule som del av tverrfagleg prosjekt. - Klikk for stort bileteUt på tur i Valle skule som del av tverrfagleg prosjekt. Valle skule

I januar/februar kvar år har skulen ein fire til seks veker lang tverrfagleg periode med eit prosjekt kalla Livsmeistring.

– Alle elevar, frå 1. til 10. klasse, er med. Så blir sjølvsagt opplegget tilpassa alder, seier rektor Marit Jaabæk Brokke.

Helse og gode val

Fokusområde i Livsmeistring er fysisk aktivitet og helse, psykisk helse, å ta gode val på vegne av seg sjølv og andre, seksuell helse og dessutan temaet rus/sjølvdrap.

– Ungdomsskulen har nytta Rådebank, som tar opp temaet sjølvdrap. I tillegg hadde me lokale krefter med sin historie og kompetanse som pårørande, seier Jaabæk Brokke.

Heile opplegget blir altså gjennomført tverrfagleg, samarbeid er nøkkelord. Psykisk helse i Valle og Bykle, helsesjukepleiar, LMT, politiet og programmet Delbart, som handlar om deling av bilete på sosiale mediar. Mat, helse og gode val er viktige område i satsinga Valle skule altså gjennomfører kvart einaste år.

Aktivitet i hallen var del av dei tverrfaglege veke. - Klikk for stort bileteAktivitet i hallen var del av dei tverrfaglege veke. Valle skule Spel om kjensler. - Klikk for stort bileteSpel om kjensler. Valle skule