Folkemusikalsk storfest på Rysstad 2.- 4. august!

Med kurs og konsertar, kappleik og sosial drøs til langt ut i dei små timane er det duka for folkemusikkfesten over alle i øvre Setesdal 2.- 4. august. Då er det nemleg klart for Setesdal Folkemusikkfestival i soknehuset på Rysstad!

Helge Jordal er eitt av svært mange høgdepunkt under Setesdal Folkemusikkfestival på Rysstad 2.- 4. august. - Klikk for stort bileteHelge Jordal er eitt av svært mange høgdepunkt under Setesdal Folkemusikkfestival på Rysstad 2.- 4. august. Hans Fredrik Asbjørnsen

Med Setesdal Spelemannslag som vertskap, Unesco-kommunane som medarrangørar, Agder fylkeskommune i ryggen og dessutan ei heil rekke lokale sponsorar, blir det no sydd saman eit festprogram som kan ta pusten frå kvar og ein! Tre dagar til ende, med bare såvidt nok tid til å roe pulsen mellom innslaga - dette blir stort!

Kurs

Tradisjonen tru tar det heile til med kursing fredagen. Det er ikkje nødvendig med røynsle, så den som måtte ha ein dansar eller spelemann i seg, bør nytte sjansen! Med instruktørar heilt i den nasjonale toppen innan sine felt ligg alt til rette for både læring og moro! Fredag kveld er det også tid for eit av høgdepunkta under festivalen, konsert med skodespelar Helge Jordal, som les frå forfattarskapen til Hans E. Kinck, og med Knut Hamre på hardingfele. Så får ein bare såvidt tid til å snu seg etter konserten, før ny konsert med Ånon Egeland og gjester brakar laus.

Kappleik

Laurdagen er den store kappleiksdagen. Frå nord og sør, aust og vest, har dei skarpaste utøvarane innan dans og spel alle funne vegen til hjarta av Unesco-dalen - no skal det kjempast om heider og ære! I storsalen i Hylestad soknehus går det tett i tett med innslag, domarane sit pal, her skal kvar tone, kvart kast med kroppen, analyserast. Frå Setesdal har ein med fleire utøvarar som er venta å gjere det skarpt - det blir spennande utetter dagen i klassar prega av skyhøgt nivå!

Sjokoladekappleik

For dei yngste er det eige program, mellom anna “ladekappleik” der alle som er med får sjokolade. I tillegg blir det både trommekurs og familiekonsert med Kouame Sereba. På laurdagskvelden slår det gnister i soknehus-området! Då er det tid for den store og tradisjonsrike dansen der meisterspelemenn slår an rytma, og stemninga alltid buldrar oppunder takkvelvinga. For dei som har fått med seg gangarkurs fredag er det nok ekstra moro å vise “kunstene” sine denne kvelden! Til langt ut i dei små timane får folkemusikkmiljøet samle seg om spel, moro og ein fellesskap bygt på kultur og tradisjon.

Allstars

På sundagen spelar “Kulturpatrulja Allstars”, som har spelt og dansa for hyttefolk og turistar i 10 år, i Hylestad kyrkje. I soknehuset er det sal av suppe og passande tilbehøyr helga gjennom, og det er lina opp med nok av bord og stolar så drøsen skal få gå. Eit gjennomarbeidd og variert program for Setesdal Folkemusikkfestival 2024 altså - og ein peikepinn om at Landskappleiken på Hovden 2026 blir eit folkemusikalsk haraball utan like! 

Det meste kring Setesdal Folkemusikkfestival går føre seg i og ved soknehuset på Rysstad. - Klikk for stort bileteDet meste kring Setesdal Folkemusikkfestival går føre seg i og ved soknehuset på Rysstad. Ole Birger Lien Knut Hamre spelar under konserten med Helge Jordal. - Klikk for stort bileteKnut Hamre spelar under konserten med Helge Jordal. Knut Utler Kouame Sereba held trommekurs og familiekonsert under festivalen. - Klikk for stort bileteKouame Sereba held trommekurs og familiekonsert under festivalen. Ellen Stokland