Folketalsauken i Valle kommune held fram

Folketalet i Valle kommune aukar stadig. Ved utgangen av 2. kvartal melder Statistisk Sentralbyrå at folketalet har gått frå 1217 til 1220 - men auken har gått føre seg heile året.

Ser ein tala for 2025 til no under eitt har folketalet i Valle kommune auka med 15 personar. Det utgjer auke på over 1,2% - noko som er svært høgt på landsbasis. Valle-ordførar Lars Tarald Myrum er nøgd med utviklinga.

Det er gledeleg å sjå at den stabile folketalsauken held fram. Statsforvaltaren påpeika også folketalsutviklinga i Valle i eit møte nyleg, og gav uttrykk for/uttala at me skil oss ut i positiv lei. No gjeld det å ikkje la dette verte ei kvilepute, men å arbeide vidare for at stadig fleire skal sjå på Valle som ein attraktiv kommune å bu i, seier Myrum.