Foredrag med glimt i auga om demens

Som avrunding på seniormessa i soknehuset på Rysstad tysdag kom forfattar og humorist Freddy Kjensmo for å halde foredrag om demens. Det vart eit nært og tankevekkande møte med livet på godt og vondt.

Freddy Kjensmo las frå boka si "Må lære meg å melke kuer" i soknehuset på Rysstad som del av foredraget sitt. - Klikk for stort bileteFreddy Kjensmo las frå boka si "Må lære meg å melke kuer" i soknehuset på Rysstad som del av foredraget sitt. Ole Birger Lien

Bakgrunnen for at humoristen dei siste åra meir og meir har nytta tida si til foredrag om dette temaet, er at hans eigen far vart dement.

– Det resulterte i at eg etter kvart byrja å notere litt, i alle fall mykje av det far sa som var spesielt og morosamt. Etter kvart tenkte eg at her er det ein historie, sa han i soknehuset.

Og ein historie vart det. Boka “Må lære meg å melke kuer” fortel om faren sin overgang inn i demensen, og hans eiga oppleving som son i prosessen.

– Eg bestemte meg for å skrive boka i respekt og kjærleik. Og det var viktig å kunne fortelje om dette også med humor. Le med far, og slett ikkje av han, sa Kjensmo.

God forteljar

Freddy Kjensmo er ein god formidlar, og temaet i boka hans kan me alle ein eller annan gong i livet møte. I soknehuset tekna humoristen eit vakkert bilete av eit far og son-forhold, om ei vandring inn i livskvelden, om respekt, håp og alvor. Han hadde alle i salen med seg - og responsen han fekk viste akkurat den respekten og den gode haldninga til å dele ein slik historie som han fortener. Som avrunding på seniormessa kunne pleie- og omsorgseininga i Valle kommune knapt treft betre. Mange blir demente, og naturleg nok endå fleire blir pårørande. Temaet er difor alltid relevant. Jo meir ein kan prate om det, jo meir forståing legg ein grunnlaget for. I så måte er det Freddy Kjensmo drar land og strand rundt med svært viktig.

Frå foredraget med Freddy Kjensmo tysdag. - Klikk for stort bileteFrå foredraget med Freddy Kjensmo tysdag. Ole Birger Lien