Foredrag om Holumgrava i kommunestyresalen i Valle 12. januar

Ein junidag i 2023 vart det gjort eit spennande arkeologisk funn i Tveitebø i Valle, av ein grunneigar som skulle renovere huset sitt frå 1740. I hagen dukka det opp alt frå gylne glasperler til bitar av bronse og delar av eit sverd. I kommunestyresalen i Valle måndag 12. januar klokka 19 blir det foredrag om funnet frå det som truleg er ei dobbelgrav frå midten av 900-talet.

Etter oppdaginga vart arkeologar raskt tilkalla, og dei sette i gang undersøkingar på staden. To veker etter var utgravinga av den innhaldsrike grava frå vikingtida i gang. Utgravinga, som vart leia av Kulturhistorisk museum i Oslo, med bistand frå arkeolog Emma Norbakk i Agder fylkeskommune, avdekka mykje meir enn venta. 

Historien

Foredraget i kommunestyresalen tar for seg historia om funnet som har fått namnet Holumgrava, frå “alarmen” gjekk til dei siste jordmassane vart undersøkte. Foredraget vil også sjå nærare på kva det tilfeldige funnet kan fortelje om lokalsamfunnet, jernressursane i Setesdal og gravskikkane i vikingtida. Det er gratis inngong og alle er velkomne.