Foreldrekurs i regi av Valle skule
Tilsette på Valle skule skal i gang med såkalla ICDP-kurs, Child Development programme. No treng dei å rekruttere foreldre.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 23.02.2024 13:08
Sist endra 23.02.2024 13:08
Det skal skipast til foreldrekurs på Valle skule.
Ole Birger Lien
ICDP-kurs er temabaserte samlingar for foreldre, og oppstarten er 28. februar klokka 13-14.30.
– Kurset er gratis og går over åtte samlingar. Me har i alt 10 plassar, så det er førstemann til mølla, seier Fredrik Eriksen, som saman med Liv-Gyro Brokke Homme og Margrethe Mosdøl gjennomfører opplegget.
Lære av kvarandre
I samlingane treff ein andre foreldre, og kan lære av kvarandre slik at ein kan bli tryggare som foreldre, og få nye idear til korleis ein skal møte borna sine.
For spørsmål om opplegget kan ein ringe Fredrik Eriksen på tlf 48345845 eller via ein e-post HER