Spennande i fjoset hjå Per Øyvind og Liv Stormo.
Hylestad barnehage
Dei yngste borna i avdelinga Attestog var på besøk til Per Øyvind og Liv Stormo på Rysstad, der dei fekk sjå korleis det artar seg i fjoset no om dagen. Også til skuleromet fekk dei besøk av eit lam med bleie frå ein av dei tilsette sin flokk i Uppstad. Morosame og lærerike opplevingar som garantert gjorde inntrykk!
Vitja Tor Espen på Helle
Førskulen reiste til Helle gard der Tor Espen Helle viste borna rundt. Inne i fjoset fekk borna lære at dei måtte vere stille for ikkje å skreme dyra, og hadde så flaks at dei fekk sjå eit lam kome til verda! Då hjelpte Tone, dotter til Tor Espen, med å dra lammet ut.
Matrast
I tillegg til lærdom vart det nok av tid til å kose med dei snille lamma - før det var tid for ein matbit. Pylser, frukt og juice gjekk ned på høgkant. Så tekna borna gardstekningar, leika og snikra fuglekassar. Plukka litt egg gjorde dei også, før dagen vart avslutta med is for borna som snart skal til som skuleelevar.