Modell laga av Valebjørg design som del av forstudiet villreinsenter i Valle.
Høgde
Det er meininga at saka om villreinsenter i Valle skal opp i kommunestyret i juni.
– Hovudmålet etter forstudiet er eit forprosjekt som viser korleis ein kan få ein møtestad som også skal vere ein læringsarena og ikkje minst ein formidlingsinstitusjon der villreinen står i sentrum. Så er det eit poeng at vilreinen er meir enn ein biologisk art, men ein del av den rike kulturarven og historien i Setesdal, seier rådgjevar plan og forvaltning i Valle kommune, Åse Ingebjørg Flateland.
Konseptskisse
Forstudien, som vart formelt sett i gang med oppstartsmøtet, skal utarbeide ei konseptskisse. Mogleg tematisk innhald, formidlingsformar og tekniske løysingar blir ein viktig del av arbeidet Høgde no er i gang med.
– Så er det eit poeng at formidling blir vurdert både ut frå naturvitskap, historie og kultur. Eit eventuelt villreinsenter i Valle blir kompletterande til andre villreinsenter i Noreg. At fleire kommunar som har villrein også har fokus på informasjon, kunnskap og formidling styrkar totalen og er av det gode med tanke på auka forståing og kompetanse i det viktige ansvaret me alle har i å sikre villreinstamma, seier Flateland.
Plasseringa av eit eventuelt villreinsenter i Valle er ikkje del av forstudien Høgde skal levere - men er noko ein må kome tilbake til viss kommunestyret til slutt seier ja til ei etablering.