Frå 50 til 40 km/t på Haugebirke i nordenden av Valle sentrum

Fartsgrensa på Haugebirke i nordenden av Valle sentrum er no redusert frå 50 til 40 km/t. Inger Ann Fidjestøl, avdelingsleiar for forvaltning, drift og vedlikehald i Agder fylkeskommune slår fast at fungerer ikkje tiltaket må det fartshumpar til.

Inger Ann Fidjestøl i Agder fylkeskommune og Torleif Homme i Valle kommune på Haugebirkje, der fartsgrensa no er sett ned frå 50 til 40 km/t. - Klikk for stort bileteInger Ann Fidjestøl i Agder fylkeskommune og Torleif Homme i Valle kommune på Haugebirkje, der fartsgrensa no er sett ned frå 50 til 40 km/t. Ole Birger Lien

På Haugebirke lyfter den gamle riksvegen seg over ein “kolle”, sikta ned mot sentrum er difor begrensa. I tillegg er det bustader tett ved vegen frå kollen og sørover mot sentrum. 

– Det er strenge kriterie for å redusere fartsgrensa. Me får førespurnad om reduserte fartsgrenser mange stader, men kan ikkje utan vidare imøtekome slike ynskje. På Haugebirke var det likevel klårt at kriteria er innfridde, slår Fidjestøl fast.

Har hatt fartsmålingar

Før skilta som viser fartsgrense på 40 km/t kom på plass vart det gjennomført ei veke med fartsmålingar.

– Så skal me etter kvart gjennomføre ei ny veke med målingar, og samanlikne vekene. Då håpar me at tala dokumenterer at den reduserte fartsgrensa har hatt effekt. Viss ikkje vil me få fartshumpar på plass der i 2025, seier Fidjestøl.

– Må ha respekt for fartsgrensa

Ho er oppteken av at kommunane i Setesdal, som alle er med i Nullvisjonen Agder, driv med haldningsskapande arbeid i trafikken.

– Det gler meg å sjå at Valle er såpass offensive. Målet er å sikre trygge tilhøve for alle, både dei til fots, dei på sykkel og anna og dei i bil. Det er viktig at me har folk flest med oss med tanke på oppførsel i trafikken og haldningar. Det hjelper lite med redusert fartsgrense viss ingen respekterer det, seier ho.

– Håpar det fungerer

– Det mest positive vil vere at dei nedsette fartsgrensene fungerer, så ein slepp ytterlegare tiltak. Likevel er eg glad for at fylkeskommunen er klar på at fungerer det ikkje, må me gjere noko meir, seier Torleif Homme i Valle kommune.

Det er ikkje klårt kva tid nye fartsmålingar skal gjennomførast. Det som likevel er sikkert, er at endrar ikkje trafikken over Haugebirke seg, ender det med fartshumpar neste år.