Frå alkoholpolitisk plan til bustadbyggjing i kommunestyret i Valle

Onsdag 20. mars klokka 18 er det kommunestyremøte i Valle med både orienteringar og ordinære saker.

Posisjonen frå kommunestyremøtet i Valle i februar. Onsdag 20. mars er det nytt kommunestyremøte. - Klikk for stort biletePosisjonen frå kommunestyremøtet i Valle i februar. Onsdag 20. mars er det nytt kommunestyremøte. Ole Birger Lien

Før dei folkevalde kjem i gang er det to orienteringar i kommunestyresalen. Rådgjevar Kåre Kristiansen frå Agder fylkeskommune skal greie ut om Regionalplan Agder 2030, og Annbjørg Lien kjem med ein Unesco-status. Av referatsaker neste onsdag kan ein nemne årsrapport frå Nullvisjonen Agder, som Valle kommune no er med i. Også høyring om endra forskrift for energi-tilskot i kommunale bygg er med i bolken.

Godtgjersle

Dei folkevalde skal ta stilling til lokal forskrift for godtgjersle for kommunale ombod i perioden 2024-2027. Alkoholpolitisk handlingsplan for same perioden kjem også på bordet. I tillegg skal retningsliner for tildeling av tilskot til klatreruter i fjell og ikkje minst næringsplan med tiltaksplan på plass. Tilskot til bustadbyggjing, kjøp av eigedom i Valle sentrum og tilbod frå Statkraft om aksjebyte i Å energi er også av sakene på lista.

Valle radio streamer møtet med både lyd og bilete - HER kan du få møtet med deg!