Frå BAdesKen til Hans Olav Lahlum på kulturveka i Valle!

Det nærmar seg årets kulturveke i Valle. Frå 11.- 20. oktober ventar eit innhaldsrikt og variert program der dei fleste burde kunne finne noko av interesse!

Forfattar Hans Olav Lahlum kjem til Valle med foredrag om Ap-kjempa Reiulf Steen. - Klikk for stort bileteForfattar Hans Olav Lahlum kjem til Valle med foredrag om Ap-kjempa Reiulf Steen.Ken André Ottesen kjem til Valle med BaDesKen. - Klikk for stort bileteKen André Ottesen kjem til Valle med BaDesKen.

 

Først ut er det som truleg blir eitt av høgdepunkta under heile kulturveka, Ken André Ottesen og BAdesKen. Totningen tar for seg morosame saker frå lokalaviser landet rundt, og i soknehuset på Rysstad blir det nok lått og moro! Den som vil kan også få med seg tapaskveld som oppvarming til framsyninga. Same dagen er det Allidrett i Vallehalli. Laurdag står mellom anna fjelltur Nomelandsfjødd-Honnevje på programmet.   Kulturvekekomiteen bed folk merke seg at konserten “Dulramt - Kaukasus og Setesdal i musikken”, med Hallvard T. Bjørgum, Kirsten Bråten Berg og Elshan Mansurov frå Aserbadsjan som skulle vere på Sylvartun laurdag er avlyst.

100-årsjubileum

Sundag 13. oktober markerer Hylestad bedehuslag og Nomeland bedehuslag 100 år! I Nomeland bedehus står ei heil rekke aktørar klare for å kryde samankomsten. Måndag er det kino i soknehuset på Rysstad, og på kvelden er det ikkje skjemt men alvor i Kyrkjestoga i Sæbyggjen. Diakoniutvalet har fått Foreininga Leve til å kome, og under tittelen “Kvifor skal me snakke om sjølvmord” er det som ein forstår eit sers viktig tema som skal lyftast opp. Born under 16 år må vere i fylgje med ein vaksen til dette arrangementet.

Hans Olav Lahlum om Reiulf Steen

Forfattar og sjakkekspert Hans Olav Lahlum kjem til Sæbyggjen tysdag 15. oktober. Han skal halde foredrag om tidlegare Ap-leiar Reiulf Steen. Lahlum baserer seg på sin eigen biografi om den fargerike politikaren. Biografien fekk terningkast seks då den kom ut, og her kan ein vente seg både historiar frå intern kniving i Ap til ein viss møbelhandlar på Jessheim. Dagen etter er også prega av mange arrangement. Øystein Kikut på piano, grautfestival med Valle bygdekvinnelag og ungdomskafé og maskeverkstad. På Setesdalsmuseet blir det foredrag med Leonhard Jansen klokka 19. “Frå evolusjonsteori til Unesco” bryner teorien om det isolerte folkeferdet i Setesdal mot evolusjonsteorien. Stina Brandin Hovet formidlar tradisjonsspelet.

Filosofi og basar

Torsdag 17. oktober er det filosofikafé i Sæbyggjen. Laurdag 19. oktober blir det basar i Broderheimen bedehus i Oveinang, og den dagen er det også rekrutteringssamling folkemusikk,- song og - dans for born og unge i soknehuset på Rysstad. Det er også dagen og staden at framsyninga “Bergekongen” med elevar frå fordjupningstilbod i folkemusikk- og dans i Midt-Telemark går føre seg. Laurdag er det også treningskurs, “Func.Fit 101” i Vallehalli. 

Fuglekassar

Sundag 20. oktober er siste dag av kulturveka. Då står alt frå gudsteneste i Valle kyrkje til fuglekassesnikring på programmet. Som avrunding på ei innhaldsrik veke spelar Øystein Kikut piano i Sæbyggjen.

Lenke til fullt program med alle tidspunkt og annan informasjon finn du HER

Bergekongen blir vist i Valle 19. oktober. - Klikk for stort bileteBergekongen blir vist i Valle 19. oktober.