Frå farmarliv og hardingfele i USA til kulturskulelærarjobb i Unesco-kommunane!

Maija Lindaas er tilsett som kulturskulelærar i Unesco-kommunane Bykle, Valle og Bygland. 31-åringen er fødd og oppvaksen i USA, men har budd på Rauland dei siste åra. Maija er ein mangesyslar som driv med alt frå matematikk til fele og grønsaksdyrking!

Maija Lindaas er tilsett som kulturskulelærar i Unesco-kommunane Bykle, Valle og Bygland. - Klikk for stort bileteMaija Lindaas er tilsett som kulturskulelærar i Unesco-kommunane Bykle, Valle og Bygland.

Den nytilsette læraren har bachelorgrad i matematikk, og har dessutan studert geologi. På Rauland tok ho eit årsstudium i folkemusikk. Som i utdanninga er mangfald den beste måten å beskrive yrkeslivet hennar til no. Ho har jobba som trebåtdekksmann, som bonde i Maine, USA, der ho var sertifisert økologisk kvitlauks- og grønsaksbonde og dreiv gard med ulike dyr, ho har vore geitebudeie, kafévert, musikar og i tillegg lærar. Det siste på Åmot skule.

Mange sjangrar

Innan det praktiske feltet har Lindaas drive med ulike byggjeteknikkar, og bygd langeleik, harpe og hardingfele. I tillegg har ho halde på med veving og fiberkunst, pilefletting og seljefløyter, og filmredigering.

– Som utøvar er det eigentleg harpe som er hovudinstrumentet hennar, men ho har spelt hardingfele og dansa folkedans i ni år. Mest teledans, men også gangar. I tillegg har ho sunge mykje, både solo og i kor, og ho har også erfaring med kveding.seier leiar kultur i Valle kommune, Torunn Charlotte Nyberg.

Fargo Spelemannslag

Maija Lindaas etablerte i 2016 Fargo Spelemannslag i USA, eit lag som framleis er aktivt med meir enn 12 spelemenn og felemakarar. Ho brenn for folkemusikk, og har jobba mykje med born og unge.

– Nettopp dette allsidige er noko av det me er ute etter. No får me eit spennande innpust i heile Unesco- og kulturskulesatsinga, og me ser veldig fram til samarbeidet, seier Nyberg.

Maija Lindaas tar til i stillinga 1. august. No er ho i gang med å finne bustad. Draumen er eit småbruk, så i første omgang ser ho seg om etter noko ho kan leige.