Frå kommunestyremøtet i Valle onsdag 28. februar.
Ole Birger Lien
IMDI har oppmoda Valle kommune om å busette fleire flyktningar. Den oppmodinga tok kommunestyret på strak arm, og sa ja til 15 nye flyktningar i år. I vedtaket går det fram at stillingsressursen som skal ivareta busetting, integrering og arbeidskvalifisering blir auka med eit halvt årsverk.
Skal greie ut behovet for planvask
Kommunestyret måtte også ta stilling til planprogram for kommunedelplan Brokke. Vedtaket slår fast at forslaget til planprogram skal ut på høyring. Dei folkevalde vedtok i tillegg at ein skal greie ut behovet for planvask for å få oppdatert alle planar i høve gjeldande lovverk.
200.000 kr. til dokumentarfilm
Den røynde dokumentarskaparen Kristian Landmark skal lage serie om Setesdal - “Setesdal - den levande arven”. Kommunestyret i Valle gjekk inn for å gje 200.000 kr. i støtte til satsinga.
Vil du lese heile protokollen frå møtet? HER finn du den.