Frå graut til song på skuleavslutninga i Valle!

Eit tettpakka program venta tilsette og elevar ved Valle skule til joleavslutninga på tampen av 2023.

6.- og 7. klasse ved Valle skule i sving. - Klikk for stort bilete6.- og 7. klasse ved Valle skule i sving.

Det heile tok til med gudsteneste i Valle kyrkje, eller alternativt undervisningsopplegg for dei som ville det. Etterpå gjekk vegen til skulen. Der vart det skipa til felles joleavslutning i Storstoga med konferansierane Marit og Martin som baud velkomen. Det vart både song og grautservering, før programmet på scena tok til.

Ivrige elevar

Programmet vart nesten som ein kulturskulekonsert - og dei veit ein det er lett å bli imponert over! Song, filmframsyning, stev og bånsullar - her sat kreativiteten laust! Det vart “Fiskaren” på munnharpe, “Jol i Svingen” med 6.- og 7. klasse, innslag frå kulturskulen, premieutdeling etter “Aktiv skule” og mykje, mykje meir. Avslutningsdagen var til å miste pusten av, innsatsen frå både elevar og tilsette var på topp! I den felles avslutninga med “Deilig er jorden” fekk store og små ei kjensle av nettopp håpet om at ein skal kunne seie det i 2024 - deileg er jorda. Måtte det nye året bli godt!

Flotte joleelevar i Valle skule! - Klikk for stort bileteFlotte joleelevar i Valle skule!Filip Voldseth, Olai Voldseth, lærar Magnhild Tveit og Martin Kjær Langeid. - Klikk for stort bileteFilip Voldseth, Olai Voldseth, lærar Magnhild Tveit og Martin Kjær Langeid.Graut må til på grautfest! - Klikk for stort bileteGraut må til på grautfest!