Frå høyringsuttale om villrein til rekrutteringsprosjekt i kommunestyremøtet onsdag
Dei folkevalde i Valle kommunestyre handsama alt frå høyringsuttale om tiltakspakke villrein til felles rekrutteringsprosjekt med Bykle kommune under kommunestyremøtet onsdag 29. oktober.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 31.10.2025 09:36
Sist endra 31.10.2025 09:36
Frå kommunestyremøtet i Valle onsdag 29. oktober.
Ole Birger Lien
I møtet gjekk dei folkevalde inn for å få ei sak til kommunestyret i februar neste år, der ordninga med kommunestyremøte på dagtid skal evaluerast.
Sender høyringssvar om villrein
I kommunestyret vart det også vedteke eit høyringssvar til tiltakspakke villrein - høyringsfristen er i morgon 31. oktober. Ein såg elles på alt frå turstiar og skilting i kommunen til regelverk knytta til bustadtilskot.
HER ER PROTOKOLLEN FRÅ MØTET