Så høyrer det med til historien at ein ikkje kan inn og endre noko som helst enno.
– Det er først når faktura for fjerde kvartal i år er sendt ut at endringa på heimesida blir aktivert. Ein kan inn og registrere faktura kvar månad frå kring midten av desember, seier Gudrun Sagneskar i Valle kommune.
Under “Min Eigedom”
Den som vil betale kommunale avgifter kvartalsvis som før, treng ikkje gjere noko. Den som vil betale ein gong i månaden frå januar 2025, må inn på heimesida, finne tekniske tenester og MinEigedom. Der kan ein altså frå midten av desember krysse av for månadleg faktura under “fakturafrekvens”. På MinEigedom finn ein også informasjon om eigedomsgebyr, vassmålarstatus, branforebyggjing og mykje meir knytta til eigedomen.