Frå Lista til rektorjobb i Valle

Janne Nystøl frå Lista er tilsett som ny rektor ved Valle skule. Ho kjem frå stillinga som avdelingsleiar ved Eilert Sundt vidaregåande skule i Farsund.

Janne Nystøl blir ny rektor på Valle skule. - Klikk for stort bileteJanne Nystøl blir ny rektor på Valle skule.

Den stillinga har ho hatt dei siste 12 åra. 54-åringen har hytte i Brokke, og difor god kjennskap til Valle kommune. 

– Ho har solid fagleg bakgrunn og lang fartstid som leiar innanfor skuleverket. Det gjer oss trygge på at Janne blir ein god rektor for oss, seier kommunedirektør Vidar H. Homme.

Endeleg oppstartsdato er ikkje avtalt, men alt tyder på at den nytilsette rektoren er på plass til skulestart etter sommarferien.