Frå no av blir kommunestyremøta i Valle streama med både lyd og levande bilete!

I mange år har Valle radio streama kommunestyremøta i Valle med lyd. Frå kommunestyremøtet onsdag 28. februar av blir det skrive historie i kommunestyresalen, no skal møta også streamast med levande bilete!

Jørund Georg Jore i Valle radio sit bak spakane under overføringa onsdag. - Klikk for stort bileteJørund Georg Jore i Valle radio sit bak spakane under overføringa onsdag.

Også no er det Valle radio som har kontroll på det tekniske. Med fleire kamera i salen skal folk som sit heime i stoga, på hytta eller kor ein no elles får møtet med seg - både få høyre og sjå kommunestyrerepresentantane handsame dei politiske sakene. Ikkje minst blir det enklare for folk som ikkje er til stades å få med seg ulike presentasjonar som blir vist på storskjerm i kommunestyresalen.

Stiller med kake

Valle radio har med seg kake til kommunestyremøtet onsdag, såpass historisk er dagen!

– Me har overført møta heilt sidan 1998, men no er det altså eit nytt steg med overføring av både lyd og levande bilete. Med ressurspersonar som Jørund Georg Jore og Kjetil Carolis Jore i sving blir streamen gjennomført på beste måte, seier lokalradioredaktør Ørnulf Hasla.

Han minner om at dette er ei ny tid ikkje bare for dei folkevalde i Valle kommune, men også for Valle radio.

Lenka til streaminga finn du HER

                                                                                                                                               Møtet onsdag tar til klokka 18.

Frå no blir kommunestyremøta i Valle streama både med lyd og video. - Klikk for stort bileteFrå no blir kommunestyremøta i Valle streama både med lyd og video.Handlar det om tekniske dupedittar, ja då veit som regel Kjetil Carolis Jore råd! - Klikk for stort bileteHandlar det om tekniske dupedittar, ja då veit som regel Kjetil Carolis Jore råd!