Frå no av får alle i Valle kommune Bygdenytt i postkassa!

Valle kommune sitt informasjonsskriv Bygdenytt har i fleire år blitt produsert på kommunehuset, spekka med informasjon om alt som går føre seg i bygd og grend. Skrivet har blitt lagt ut i butikkar, og levert på døra til dei som ville det. Frå no av får alle fastbuande Bygdenytt heim i postkassa, og framleis aldeles gratis!

Birgitte Haugeland i Valle kommune klar med Bygdenytt for juli og august, som alle fastbuande i kommunen no får i postkassa. - Klikk for stort bileteBirgitte Haugeland i Valle kommune klar med Bygdenytt for juli og august, som alle fastbuande i kommunen no får i postkassa. Ole Birger Lien

Også tidlegare vart Bygdenytt levert til alle i kommunen,  men etter ei endring for nokre år sidan var det bare dei som registrerte seg for heimlevering som fekk bladet i postkassa ein gong i månaden.

– No innfører me utlevering til alle enkelt og greitt fordi me ynskjer å vere på tilbodssida og sjå til at alle skal få like god tilgang til informasjonen. Me har mange greie nettløysingar i Valle kommune, men me veit samstundes at ikkje alle er digitale.  Det tar me på alvor. Me ynskjer å sikre at me får fram alt av nyttig informasjon til alle, seier leiar velkomst i Valle kommune, Gunn Marith Homme.

Frå juli av

Den nye ordninga er gjeldande frå og med dobbeltutgåva for juli og august, som går ut i desse dagar.

– I alt leverer me ut 800 eksemplar. No håpar eg mange finn mykje interessant å lese om, seier Homme.

Det er Setpro avdeling Valle som tar seg av utkøyringa.