Frå prinsipp om sponsing til utviding av SFO i kommunestyret

Ei rekke saker stod på lista då kommunestyret i Valle samla seg sist veke til siste møte før sommarferien.

Frå kommunestyremøtet i Valle sist veke. Ole Birger Lien

På bordet fekk dei folkevalde ei prinsippsak om sponsing. I kommunestyret gjekk dei folkevalde samrøystes inn for eit prinsipp om at Valle kommune ikkje skal inngå sponsoravtalar med enkeltutøvarar. Dei folkevalde gjekk også inn for at det skal gjennomførast eit forprosjekt for etablering av eit regionalt villreinsenter i Valle basert på forstudie levert av Høgde AS. Forprosjektet skal gjennomførast innanfor ei kostnadsramme på 500.000 kr.

Oppgradere SFO

Kommunestyret vedtok at SFO skal oppgraderast/utvidast med ei kostnadsramme på vel 5 mill. kr. Vavik og Tønnesen AS får tildelt oppdraget i samsvar med innlevert tilbod. Dei folkevalde gjekk også inn for å oppgradere bru i Rysstad turpark. Kostnaden er ikkje ferdig utarbeidd. Det skal søkast ekstern finansiering frå aktuelle ordningar. 

HER er protokollen frå møtet.