Frå Straume bru til stavkyrkje-tilskot i kommunestyret onsdag

Dei folkevalde i Valle kommune handsama alt frå opprusting av Straume bru til stavkyrkje-støtte og asfalt på parkeringsplassen ved Marhyl under kommunestyremøtet onsdag.

Kommunestyret sa ja til å bidra vidare til finansiering av Unesco-satsinga i oppvekstsektoren, og skal sikre at opplæring i folkemusikk og dans blir integrert i ordinær drift i barnehage, skule og kulturskule. Valle kommune skal også oppretthalde kommunens rolle som prosjektleiar og arbeidsgjevar for interkommunal kulturskulestilling. 

Stør stavkyrkje-prosjektet

Kommunestyret var også samrøystes i vedtaket om å løyve vel 600.000 kr. i år og kring like mykje i 2026 og 2027 til stavkyrkje-prosjektet. Løyvinga blir gjeven med vilkår om at stiftinga dokumenterer nok ekstern finansiering frå Agder fylkeskommune eller eventuelt andre aktørar før utbetaling skjer. Stiftinga må også legge fram årleg prosjektrapport med status for framdrift, økonomi og plan for vidare arbeid.

Skal ruste opp Straume bru

Kommunestyret gjekk elles inn for mellom anna å ruste opp Straume bru, oppgradere gjerde ved Hylestad barnehage og asfaltere parkeringsplassen ved Marhyl.

Fekk du ikkje møtet med deg? HER er lenke til protokollen.