Frå villreinsenter til Det norske Teateret i Valle kommunestyre

Det vart både orienteringar og politiske saker under kommunestyremøtet i Valle i slutten av mai.

Frå kommunestyremøtet i Valle i slutten av mai. - Klikk for stort bileteFrå kommunestyremøtet i Valle i slutten av mai. Ole Birger Lien

Både Aust-Agder museum og arkiv IKS og Setpro orienterte før dei ordinære sakene kom på bordet. Ein interpellasjon om å etablere villreinsenter i Valle kommune fekk som respons frå ordførar at det no skal lagast ei sak til kommunestyret til første møte etter sommarferien med framlegg til korleis ein kan arbeide vidare med saka.

Må sjå på budsjetta

Dei folkevalde skulle handsame budsjettauke for Setesdal brannvesen IKS, som har varsla ei auke som for Valle kommune sin del utgjer vel 1,1 mill. kr. i år. Kommunestyret vedtok at før ein tar endeleg stilling til saka må IKS-et gå kritisk gjennom budsjett og økonomiske føresetnader og sjå om det er råd å finne tiltak som kan redusere kostnader eller auke inntekter. Ein søknad på støtte på 10.000 kr. til Det norske Teateret vart innvilga samrøystes. For pengane får kommunen ein plass på framsyninga “Spynorsk. The Musical". 

Dispensasjon til august

Haraldstad Serio ungdomssenter sin søknad om eitt års dispensasjon frå arealføremålet i tilknytning til ungdomssenteret på gamle Valle motell vart administrativt handsama av settekommunedirektør, kommunedirektøren i Åseral.  Fleirtalet i kommunestyret avslo søknaden. I vedtaket heiter det at tiltakshavar må avslutte drifta innan 1. august 2024.

Setpro orienterte, her ved Emma Kristine Leesland. - Klikk for stort bileteSetpro orienterte, her ved Emma Kristine Leesland. Ole Birger Lien