Framleis behov for bøsseberarar i Valle kommune

Årets TV-aksjon blir skipa til sundag 19. oktober. Valle kommune har gått ut og bede interesserte om å melde seg som bøsseberarar, men responsen har vore noko laber. Det trengs framleis fleire frivillige!

Anette Brottveit (t.v.) og Annbjørg Bjørgum Sagneskar i Valle kommune håpar at fleire melder seg som bøsseberarar. Ole Birger Lien

Å vere bøsseberar tar bare eit par timars tid, men betyr veldig mykje for dei ein samlar inn pengar for. I år går innsamlinga til Atlas-alliansen, som arbeider for å gje funksjonshemma i krigs- og fatigdomsråka land betre tilgang til utdanning, helsetenester, naudhjelp, hjelpemiddel og arbeid - slik at dei sjølv kan bygge betre liv. 

Har du spørsmål kan du ringe Valle kommune på tlf 37937500. 

Vil du vere bøsseberar?

HER KAN DU REGISTRERE DEG