Framleis feiefaktura utan moms i Valle kommune

I fjor kom Skatteetaten med endra tolkningar av avgiftshandsaming på kommunale gebyr som førte til at det var opp til kommunane sjølv om ein skulle rekne moms på gebyr for lovpålagt feiing og tilsyn med fyringsanlegg. I Valle kommune gjekk ein for å fakturere utan moms. No blir ordninga vidareført.

Gudrun Sagneskar i Valle kommune sender ut faktura på kommunale avgifter første termin i desse dagar. - Klikk for stort bileteGudrun Sagneskar i Valle kommune sender ut faktura på kommunale avgifter første termin i desse dagar. Ole Birger Lien

Skatteetaten endra tolkning utan å fylgje det opp med eit formelt vedtak, noko som gav grunnlag for kommunane til sjølv å vurdere korleis ein ville gjere det. I februar i år kom Skattedirektoratet med ein prinsipputtale som seier at kommunar ikkje skal rekne moms på desse gebyra. Det betyr at Valle kommune kjem til å halde fram med å fakturere feiing utan moms.

Kommunale avgifter no

Faktura for første termin kommunale avgifter blir sendt ut i desse dagar. Feiing blir fakturert i fjerde termin, det vil seie i desember.