Elg på riksveg 9 nord i Bygland nyleg.
Ole Birger Lien
Så veit ein at risikoen er større om vinteren, spesielt viss det er mykje snø. Likevel altså, bør ein fylgje med også på bar asfalt.
35 i døgeret
Viltpåkøyrslar er ei stor utfordring her til lands, statistikkar viser at det landet under eitt smell 35 gonger KVAR DAG med alt det fører med seg - og det handlar mest om rådyr og elg. Om det er flest påkøyrslar ut på hausten og i mørkemånadene, er det påkøyrslar året rundt. Så, køyr forsiktig, ha augene oppe og kom vel fram!