Frist for å kjøpe sponsa sesongkort i Brokke er 31. januar!

Ordninga med at born og unge busette i Valle kommune får sponsa sesongkort i Brokke alpinsenter, held fram. Dei som vil ha sesongkort må kjøpe det innan 31. januar.


 

Alle frå fylte 6 år til og med 15 år betalar bare ein eigenandel på 500 kr. Alle som går på skule i Valle, uavhengig av alder, får 50% rabatt på sesongkort - om det no er elevar på folkehøgskulen eller på den vidaregåande skulen det er snakk om. 

Må vise skulebevis

Dei som går på skule i kommunen må vise skulebevis når dei kjøper sesongkortet. Ordninga gjeld bare sesongkort - og fristen for å kjøpe med eigenandel eller rabatt er altså 31. januar!