Frist for å søke om halvt utdanningsstipend er 15. februar
Dei som av ein eller annan grunn ikkje søkte om kommunalt utdanningsstipend innan oktober, kan no inn og søke om stipend for vårsemesteret. Søknadsfristen er 15. februar.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 11.12.2024 13:15
Sist endra 20.12.2024 12:48

Elevar og studentar som er fast busette i Valle kommune kan søke om stipend. Dei som søkte og fekk fullt stipend på 9000 kr. no i haust, må vente til hausten 2025 før dei kan søke på nytt stipend.
Kan få 4500 kr.
Halvt stipend for vårsemesteret utgjer 4500 kr. Søknadsfristen er altså 15. februar. Om det skulle vere spørsmål kan ein ringe tlf 37937500 eller sende ein epost HIT
Ein søker om stipend HER