Pauline Åmlid klyppa sykkelslangen og ordførar Lars Tarald Myrum klyppa snora då gang- og sykkelvegen på Besteland opna St. Hans.
Ole Birger Lien
– Eg minnest korleis det var å trille tvillingvogna her langs vegen for nokre år sidan, det var rett og slett med hjarta i halsen. No er trafikktryggleiken auka kraftig, gang- og sykkelvegen bind grendene saman, og folkehelsa må då gå beint til topps etter dette! sa eldsjel Tor Espen Helle, som var ein av dei som hadde teke initiativ til markeringa på Besteland i går. Der samla bygdefolket seg, der var Valle kommune og Statens vegvesen med, og ikkje minst - der var små og større born på syklar pynta vel så flott som bilar til 17. mai!
– Rett og slett makelaust moro!
Valle-ordførar Lars Tarald Myrum, som tidlegare har slege eit slag både for trafikktryggleik og folkehelse, la ikkje skjul på at opninga av gang- og sykkelvegen betyr mykje.
– Dette er rett og slett makelaust moro, og når ein ser oppmøtet her i dag så ser ein tydeleg kva dette betyr. Eg må rette ei stor takk til både Statens vegvesen og ikkje minst grunneigarar. Det er imponerande å sjå kor fort og greitt prosjektet har kome på plass, og kor lite det har påvirka resten av trafikken. Gratulerer til dykk alle her i dag, sa han.
Pauline på kaka
Ein spesiell gjest på Besteland i går må ha litt ekstra av æra for at gang- og sykkelvegen i Hylestad no er dalens lengste - vel 12 km samanhengande. Pauline Åmlid sendte for mange år sidan eit brev til Valle kommune der ho ba om gang- og sykkelveg på Helle og i bygda elles - og ho la like godt med ein hundrelapp i konvolutten som sitt bidrag! No har nok prosjektet hatt behov for meir finansiering enn det, likevel sette kan hende Pauline i gang noko den gong som ein såg resultatet av i går. Ikkje rart då, at på eine kaka fekk ho bilete av seg sjølv som takk!
Sykla til Rysstad
Etter seremoni og snorklypping på Besteland, der ordføraren klyppa snora og Pauline fekk klyppe sykkeldekkslangen, sette dei fleste seg på sykkel og trakka seg opp til fotballbanen på Rysstad. Der venta marsipankake til 150 menneske, grillane var varme og folk koste seg med St.Hans-feiring og bygdemoro til langt ut på kvelden.