Fylkesordføraren meiner forslaga til villrein-tiltak har blitt "stressa fram"

Torsdag vitja Agder fylkeskommune Valle kommune. I løpet av eit innhaldsrikt møte kom også villrein-saka og alle forslaga til avbøtande tiltak på bordet.

– Dette har blitt stressa vanvittig fram frå sentralt hald, sa fylkesordførar Arne Thomassen.

Fylkesordførar i Agder Arne Thomassen tok for seg stoda i fylket under vitjinga i Valle torsdag. - Klikk for stort bileteFylkesordførar i Agder Arne Thomassen tok for seg stoda i fylket under vitjinga i Valle torsdag. Ole Birger Lien

Han kommenterte saka etter spørsmål frå mellom andre Valle-ordførar Lars Tarald Myrum, og ikkje minst med tanke på engasjementet og oppslutninga på villreinmøtet i Valle tidlegare i denne veka.

– Forslaga til tiltak er så inngripande at både politisk nivå og administrasjon i Valle kommune er svært bekymra. Det går utan tvil på den kommunale sjølvråderetten laus, sa kommunedirektør i Valle, Vidar H. Homme.

– Eg tar dei svært tydelege signala om denne saka med meg vidare. Eg trur nok her de kjem til å sjå ei sak det blir mykje politikk ut av også i fylkestinget, sa fylkesordføraren.

– Me ser jo no at i innseiingssaker har ein byrja å bruke sjølve forslaga til tiltak som argument for innseiingar, sa leiar i planutvalet i Valle kommune, Kim Pedersen.

– Det er viktig at fylkeskommunen er med oss i dette, la han til.

18 fødslar i Valle i fjor

I innleiinga på møtet hadde Arne Thomassen ei orientering om stoda i Agder. Han peika på utfordringar knytta til demografi, levekår og klima. Valle kommune, med 18 fødslar i fjor, er likevel eit uvanleg positivt tekn.

– Formidabelt, slo fylkesordføraren fast.

I Agder er det 8000 born i familiar med vedvarande låg inntekt. Det utgjer 13%. Landsgjennomsnittet er 11%.

– Det må me arbeide for å motvirke kvar einaste dag, slo fylkesordføraren fast.

– Me ser at det har vore ein nedgang i det talet i Valle kommune dei siste åra. Det gler me oss over, så skal me halde fram og gjere det me kan for å styrke den gode tendensen, sa Lars Tarald Myrum.

Region i vekst

På Plussida for Agder peika Thomassen på ein region i vekst, med det han meinte blir kalla verdas beste energiproduksjon, grundige arealrekneskap og solid digital infrastruktur. Han slo eit slag for å styrke tannklinikkane, og streka under at område som desentralisert utdanning må satsast vidare på.

– Det regionale samarbeidet om riksveg 9, med fylkeskommunen som medaktør, viser kva me kan få til når me arbeider saman, sa fylkesordførar Arne Thomassen.