Glasfasade på plass og betongarbeid i boks i nye Valle kultursenter
Nyleg kom glasfasaden i nye Valle kultursenter på plass, og ulikt betongarbeid som til dømes støttemurar og trapp vart fullført.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 18.09.2025 10:05
Sist endra 18.09.2025 10:05
Prosjekthuset AS
Den siste tida har det blitt grave grøft til varmerøyr, og oppfyllinga av utearealet har kome i gang. Innvendig er det no full aktivitet med gipsing, sparkling og golvbelegg. Det blir også gjort mykje teknisk inne no, røyr, elektro og ventilasjon.
Tette gamal lekkasje
– Så skal det tekkast tak og isolerast på taket mellom hallen og nybygget, på grunn av ein gamal lekkasje. Der er me avhengige av opphaldsver for å få gjort jobben, seier prosjektleiar i Prosjekthuset AS, Tone Straume Wikeland.