Glimt frå vandring i Valle austehei

Det er mange flotte fjell- og heieområde i Noreg. Eitt av dei er utan tvil Valle austehei. Ei vandring der er ei vandring tilbake i tid, til tidlegare generasjonars liv og levnad.

Utsikt frå nord mot Finndalen i Valle austehei. Ole Birger Lien

Høge fjell og djupe, frodige dalar. Bergformasjonar med reine “månelandskap”. Dvergbjørk som tviheld seg fast mot ver og vind. Store vatn, somme av dei regulerte, sildrande bekkar eller kan hende ei lita tjønn. Alt dette er austeheia. I fjellområdet mellom Valle og Fyresdal - med Finndalen som siste stopp før Telemark, heng eimen av tidlegare generasjonar tung i lufta. 

Menneske og natur i harmoni

Her finn ein ferdsleårer over alt. Mange av stiane er det rett nok sauen som har sørga for, men sanneleg har også menneska sett sine spor her. Dyrelivet er rikt, og sjølv om det har vore folk her i hundrevis av år er naturen likevel som urørd. Ikkje for det, den som veit kva ein bør sjå etter, finn spor av tida då mykje om ikkje alt av slåtten gjekk føre seg høgt til fjells. Likevel har naturen teke tilbake området dei siste tiåra - det tykkjest vere harmoni mellom det som skal leve, vakse og gro, og menneska som fotar seg der inne.

Finndalen

Ein veit ut frå arkeologiske funn at områda rundt Hovvatn, Fisstøylsvatnet og Raudvatnet i Finndalen må ha blitt utnytta meir eller mindre samanhangande frå eldre til yngre steinalder. Ein veit også at det var fast busetnad i dalen frå folkevandringstida (400-500 e.Kr.) eller tidleg merovingartid (570-800 e.Kr.). Segna fortel at her levde både konge, prest og vanlege folk. Men noko kongssete har arkeologane enno ikkje funne.  Svartedauden (1349-1350) og andre forhold gjorde at dalen etterkvart vart avfolka. Den siste faste busetnaden i dalen tok slutt i 1880-åra. Då gjekk heiegarden Torsdalen ut av historia. Men støylsdrifta heldt fram i mange år etter det. Finndalen var den viktigaste støyls- og slåttedalen for bøndene i Valle. Hovstøylane ved Hovvatn, Funnestøyl, Viki, Ækra, Gamasbø, Nyestøyl, Gjuvasstøylen og Fitstøyl var nokre av desse støylane. «Dei siste kyrne tusla heim or Finndalen så seint som i 1961», skriv Leonhard Jansen i eit stykke om Finndalen i Jol i Setesdal 2001. Den kjende Bispevegen mellom Valle og Fyresdal går gjennom Finndalen. (Kjelde: Setesdalswiki)

MEIR OM BISPEVEGEN KAN DU LESE HER

Mannehola

Eit segn fortel historien om Vonde-Knut Myrom frå Valle. "Han vigde med ei gjente frå Sordal. Bryllaupet stod på Myrom. Då kom han i mannskade. På Sordal var so gjetords ei kjempe. Folket hans sytte so med at han skulde taka til brudlaupet: “Kjemè du ti o Knut så drep àn deg, sa dei” - og ifylgje Gamalt or Setesdal fekk dei rett i det. 

Men Vonde-Knut gav seg ikkje med det - Han drap Jon Åsmundsson Homme under eit bryllaup i Brottveit, og etter den hendinga stakk han til fjells og gøymde seg på Heddestøyl i Finndalen. Han heldt seg for det meste på støylen, men murte seg også ein “kjellar” i Gloppeurdi. Der gøymde han seg når det dukka opp folk i nærleiken. Han tok seg av mykje av slåtten på støylen. Tilbake fekk han mat som heiefolket sette ned til han. I tre år heldt han seg i skjul der inne i heia.

– Då var livet løyst; retten var so i dei tidene, som det heiter i Gamalt or Setesdal.

LES MEIR OM GAMALT OR SETESDAL HER

“Mannehola” der Vonde-Knut skal ha gøymt seg kan ein finne restane etter den dag i dag. Noko av “byggverket” er rast saman - men hola ligg der som for å fortelje historien til dei som måtte kome på staden. Det er valldølane sin eigen historie som ligg der, gøymd bak og mellom fjella. Godt då, at ein er så heldig at ein framleis kan oppleve området - det må vere lov å kalle Valle austehei ei verkeleg perle!