God deltaking på innbyggjarverkstad i Valle kommune

Som i fjor var det høgt engasjement og god deltaking frå dei som møtte opp til innbyggjarverkstad i regi av Valle kommune nyleg. I soknehuset på Rysstad fekk dei både inspirasjonsforedrag og aktuelle drøftingar.

Mange fekk med seg innbyggjarverkstad i soknehuset på Rysstad nyleg. Her under foredrag med Marco Elsafadi. - Klikk for stort bileteMange fekk med seg innbyggjarverkstad i soknehuset på Rysstad nyleg. Her under foredrag med Marco Elsafadi. Valle kommune

Leiar pleie- og omsorg, Solveig Kyrvestad, var ordstyrar under arrangementet.  Leiar kultur Torunn Charlotte Nyberg tok seg god tid til å gå gjennom status på ein heil del av innspela som kom på innbyggjarverkstaden i fjor i innleiinga til verkstaden. 

Inspirasjonsforedrag

Til soknehuset kom det både innbyggjarar og ikkje minst den tidlegare basketballspelaren Marco Elsafadi for å kome med tankar og innspel til drøfting rundt tema som er viktige for alle samfunn. Elsafadi baud på inspirasjonsforedrag om gode idear og planar for frivilligheit og inkludering.  

– Nettopp det er viktig, innspela me får med oss på desse samankomstane er innspel me arbeider vidare med. Det skal gå og går ein raud tråd gjennom arrangementa frå gong til gong, seier kommunedirektør Vidar H. Homme.

Kva har me av ressursar?

Med tanke på at det var tema som inkludering og friviljugheit som stod på agendaen i soknehuset denne gonga, kom det mykje som skal med vidare. Kva ressursar har me å spele på i kommunen? Kva aktivitetar kan gjere oss endå meir inkluderande som lokalsamfunn?

– Rekruttering av friviljuge var sjølvsagt eit aktuelt tema. Så peika mange på at ein må styrke samarbeidet mellom friviljuge og andre, og kommunen må sjølvsagt vere på plass som tilretteleggjar, seier Homme.

I samtalane kom det også fram at informasjonsbehovet er stadig aukande, og at det kan vere ei utfordring å gjere prosessane så målbare at ein kan konkludere med om ein har lukkast eller ikkje.

Mykje godt å byggje vidare på

I gruppearbeidet kom det klårt fram at i Valle kommune er det mykje god inkludering og mykje fin friviljug innsats å byggje vidare på. 

– Me arbeider vidare både med ulike forslag men også med å samle gode krefter. Valle kommune skal vere pådrivar, saman med friviljug sektor og ikkje minst næringslivet. Det er saman me kan få det til, og eg har ei oppleving av at alle ynskjer den gode fokusen på friviljug innsats og inkludering. Me har tru på at innbyggjarverkstad er eitt av fleire grep som kan gje gode resultat. Neste år ser me også tilbake og evaluerer, akkurat som me gjorde no, seier Vidar H. Homme.

Frå venstre: Valle-ordførar Lars Tarald Myrum, Marco Elsafadi, leiar pleie- og omsorg og ordstyrar Solveig Kyrvestad og leiar kultur Torunn Charlotte Nyberg. - Klikk for stort bileteFrå venstre: Valle-ordførar Lars Tarald Myrum, Marco Elsafadi, leiar pleie- og omsorg og ordstyrar Solveig Kyrvestad og leiar kultur Torunn Charlotte Nyberg. Valle kommune