God oppslutning om innbyggjarverkstad med friviljugheit i fokus

I samband med arbeidet med kommuneplanen vart det nyleg skipa til innbyggjarverkstad for og med friviljuge lag og organisasjonar. Det vart ein samankomst prega av stor interesse og deltaking.

Frå innbyggjarverkstaden med friviljuge lag og organisasjonar i Valle kommune nyleg. Valle kommune

Representantar for kring 15 ulike lag møtte opp i Sæbyggjen, der Valle kommune i forkant hadde laga klart til gruppearbeid med tema som alle handlar om friviljugheit i ulike former. Kva betyr friviljugheit? Korleis bør stoda vere om 10 år? Kva er ein “perfekt” situasjon? Korleis samarbeider me, og har me nok møteplassar? Desse og mange fleire spørsmål vart drøfta rundt borda.

Nøgd med responsen

Prosjektleiar Kay Arne Søgård er nøgd med responsen og arbeidet på innbyggjarverkstaden.

– Mangfaldet blant dei som møtte opp, og aktivitetsnivået dei viste, gjev oss mykje nyttig kunnskap for arbeidet vidare. Det vart peika på kor viktig inkludering er for å rekruttere til det friviljuge arbeidet, og at kommunen kanskje bør kartleggje kva som eventuelt står i vegen for at folk skal kunne engasjere seg. Alle streka også under at eit tett og godt samarbeid mellom laga og kommunen er avgjerande, seier han.

Frå fleire av deltakarane vart det peika på at kommunen i endå større grad enn i dag må ta ein aktiv rolle som tilretteleggjar for det friviljuge arbeidet.

Blir nytt møte

Som del av det vidare arbeidet med kommuneplanen skal det også bli eit nytt møte med dei friviljuge laga. Det blir når planen er lagt ut på høyring.

– Då går me gjennom planen slik at eventuelle nye innspel kan kome med før planen blir vedteken. Den friviljuge innsatsen i ein kommune er viktig, og blir bare meir viktig i åra som kjem, slår Søgård fast.

Ordskya som kom ut av innbyggjarverkstaden viser kva ein såg friviljugheiten som.