God respons på lokal eigenberedskapsveke i Valle og Bykle

Både inn til kommunane og ikkje minst på sosiale media har den lokale eigenberedskapsveka i Valle og Bykle fått god respons. Dei fleste ser at beredskapsarbeid- og fokus er viktige område ein må ha stadig “trøkk” på.

– Beredskap er viktig, og ein god respons viser også at folk flest ser at dette er eit område der både det offentlege men også den enkelte må ta ansvar. Det er godt å sjå, for det er når alle gode krefter arbeider saman at ein kjem lengst, seier beredskapsansvarleg i Valle kommune, kommunedirektør Vidar H. Homme.

– Ikkje minst det at Valle og Bykle kommune har formelt beredskapssamarbeid gjer oss meir budde den dagen det trengst. På det viset er ei lokal satsing som me har hatt no viktig, meiner beredskapskoordinator i Valle kommune, Torleif Homme.

Mange delområde

I løpet av sist veke gjekk kommunane ut med informasjon om alt frå bortfall av straum til kva ein treng i eigenberedskapslageret sitt. Med aktuelle lenker til gode råd i Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) finn ein nyttig informasjon om det meste som handlar om beredskap. Til hausten er det klart for nasjonal eigenberedskapsveke - også då er kommunane Valle og Bykle med.

HER er lenke til DSB

Informasjon om den nasjonale eigenberedskapsveka finn du HER

Fekk du med deg ordførarduellen mellom Valle og Bykle om eigenberedskap? 

HER ER LENKE TIL ARTIKKELEN OG FILMEN!