God start for videooverføring av kommunestyremøta i Valle

Onsdag 28. februar vart kommunestyremøtet i Valle streama både med lyd og video. Etter gjennomføringa av den historiske videooverføringa er konklusjonen klar: dette lyfter heile formidlinga til nye høgder!

Slik såg det ut på skjermen heime for den som streama kommunestyremøtet i Valle onsdagskvelden. - Klikk for stort bileteSlik såg det ut på skjermen heime for den som streama kommunestyremøtet i Valle onsdagskvelden. Ole Birger Lien

Heilt sidan 1998 har Valle radio overført kommunestyremøta med lyd. Frå no av er det altså også videooverføring av møta. Med tre kamera rigga får ein med seg både podiet med ordførar og varaordførar, ein får med seg dei som står ved talarstolen, og salen elles. Ikkje minst er den nye måten å formidle møta på med på å gjere presentasjonar med skjermbruk i salen meir tilgjengelege for alle som får møtet med seg via streaming - dei ser det same som alle andre!

Innkøyringsperiode

Onsdagskvelden vart altså streaminga gjennomført for første gong. Valle radio leverte på beste vis. Så må ein sjølvsagt rekne med ein viss innkøyringsperiode både for dei i radioen og ikkje minst folkevalde og andre involverte i møta som no også blir filma - men premieren gav i alle fall bod om endå betre formidling av politisk arbeid i Valle kommune i åra som kjem!

– Det var ein god start, men me ser sjølvsagt ting ein kan rette på. Noko så nytt må køyrast inn, men potensialet for denne streaminga trur eg alle såg, seier redaktør i Valle radio, Ørnulf Hasla.

Fekk du ikkje møtet med deg? HER kan du sjå det!