Godt engasjement blant dei frammøtte.
Ole Birger Lien
I tillegg til ei rekke representantar frå Valle kommune var fleire av hytteforeiningane i Valle kommune til stades. Likeeins var alt frå politi til redningstenester med på det to timar lange møtet.
Padel-bane
Valle kommune orienterte om alt frå planarbeid til kulturtilbod. Frå salen kom det innspel om alt frå god dialog mellom hyttefolk og bygdefolk til eit ynskje om ein padel-bane i Brokke. Det kjem ein slik på plass ved Valle stadion i vår - på møtet kom der fram at viss hyttevela tar initiativ til eit slikt anlegg i Brokke kan det også utløyse godt med spelemidlar.
Samarbeid
Den raude tråden i møtet er eit ynskje frå kommunen om god dialog og samarbeid med hyttefolket, og ein positiv repons frå dei som har fritidsbustad i Valle kommune. Om påska elles var prega av at det knapt er snø att, var stemninga på møtet god. Alt onsdag vart det slege fast at påskemøte - det blir det også neste år!
Ordførar Lars Tarald Myrum baud velkomen.
Ole Birger Lien