Godt oppmøte på påskemøtet i Valle

Representantar frå dei fleste hytteforeiningane i Valle kommune møtte opp for å få med seg påskemøtet med Valle kommune onsdag 27. mars.

Mange ville ha med seg påskemøtet i Valle onsdag 27. mars. - Klikk for stort bileteMange ville ha med seg påskemøtet i Valle onsdag 27. mars. Ole Birger Lien

I kommunestyresalen samla både hyttefolk, kommunalt tilsette og representantar frå andre aktuelle aktørar seg til informasjon, dialog og drøftingar.

Mange tema

I tillegg til kommunen og hyttefolket kom det informasjon frå helseeininga i kommunen, Raudekrossen, politiet og kyrkja. Oppslutninga om det årvisse møtet viser både eit behov og ei interesse. Me lovar å kome tilbake med ei fyldig dekning av påskemøtet så snart høgtida me no går inn i er vel overstått!