Elevane Karen Marie Haugen Rysstad, Olav Omnes Haugeland og Filip Bygland Arlovic i full sving på munnharpa med instruktør Vidar Frøysnes.
Ole Birger Lien
Det er Valle kommune ved kulturleiar Torunn Charlotte Nyberg i samarbeid med Setesdal Spelemannslag som har sydd saman eit opplegg der både formidling, rekruttering og ikkje minst øving og utøving står sentralt. Med solide kulturelle krefter i sving som instruktørar og ikkje minst inspiratorar har det vore eine samlinga etter den andre der kulturarven har fått nytt liv, alt i tråd med Unesco-statuttane, som krev ikkje bare ein kulturarv, men også vedlikehald og foredling av arven.
“Dommelidei”
Alle barnehagane og dei lågaste klassestega har hatt besøk av Kirsten Bråten Berg og Leiv Solberg med opplegget “Dommelidei”. 5.- 7. klasse har hatt dans med Lars Rysstad Nordgreen, og 8.- 10. klasse har fått undervisning i munnharpe av Vidar Frøysnes.
"Dommelidei" i Bykle barnehage med Kirsten Bråten Berg og Leiv Solberg.
Ole Birger Lien
– I tillegg har “Setesdalsfolk med Vegar”, med Vegar Vårdal og Unni Løvlid, vore ein heil dag på alle skulane. Dette prosjektet er ein produksjon gjennom Den kulturelle skolesekken som Agder fylkeskommune har kjøpt inn til skulane i Setesdal, seier Torunn Charlotte Nyberg.
Opplegget, som altså samla sett er det som utgjer “Gorrlaus” skal gjennomførast i skular og barnehagar ein gong i halvåret. Satsinga inneheld danseleikar, folkedans, folkeviser, stev og spel, tilpassa dei ulike klassestega. Det aller viktigaste er å gje dei som er med ei oppleving av glede og meistring. Satsinga inneheld danseleikar, folkedans, folkeviser, stev og spel, tilpassa dei ulikie klassestega, og det aller viktigaste er å gje dei som er med ei oppleving av glede og meistring. Totalt sett er heile opplegget ein liten del av alt det Unesco-kommunane satsar på for å vidareføre tradisjonane som er vurdert så unike at ein no kan finne dei i listene over immateriell kulturarv! Satsinga held fram i år med kurs, arrangement og ein stadig sterkare fokus på folkemusikken både blant unge og vaksne!