Gratis strøsand både i Valle og Hylestad gjennom vinteren
Valle kommune har rigga til så alle som vil det kan hente seg gratis strøsand på Øyne i Valle eller ved reinskeanlegget på Rysstad.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 13.01.2025 15:32
Sist endra 13.01.2025 15:32

Ordninga har blitt gjennomført i fleire år, og er svært populær.
– Tidlegare har me hatt eige sandlager, men no har me eit samarbeid med Statens vegvesen om dette i Valle. Det vart litt spørsmål om me då ikkje deler ut sand gratis, men det gjer me altså likevel, seier leiar teknisk avdeling i Valle kommune, Magnus Berg.
Døgeret rundt
Det er råd å hente seg sand på Øyne døgeret rundt, og vinteren gjennom. Det same gjeld sandkassane som no har blitt plassert ut ved reinskeanlegget på Rysstad. Tanken er at ein henter seg bøttesvis, ikkje kjem og fyller hengaren.