Hallen i Vallehalli er stengt frå 19.-23. februar

Sjølve idrettshallen i Vallehalli blir stengt frå måndag 19. februar til og med fredag 23. februar. Årsaka er at alt av ljos skal skiftast ut.

Ballhallen i Vallehalli blir stengt frå måndag 19. februar til og med fredag 23. februar. - Klikk for stort bileteBallhallen i Vallehalli blir stengt frå måndag 19. februar til og med fredag 23. februar.

I eit prosjekt til 200.000 kr. skal alt av ljos i hallen frå no av vere LED-ljos. Knut Hovet installasjonar AS har fått oppdraget.

– Så er det viktig å få sagt tydeleg at stenginga bare gjeld sjølve ballhallen, ikkje Møykjeromet og liknande, seier Sverre Rinden i Valle kommune.

Det skal også utførast anna arbeid i Vallehalli i tida som kjem, mellom anna skal ein port skiftast ut. Om det også blir gjort alt neste veke er ikkje avklara.