Hans Inge Fagervik til Valle bygdeheim

Kaféen på Valle bygdeheim onsdagar klokka 10.30 er populære. Onsdag 11. juni handlar det om musikaren Hans Inge Fagervik.

Fagervik er ein populær fyr i Valle, og no kjem han altså tilbake. Med eigne songar, songar frå ei anna tid og ikkje minst allsong kan alle som møter opp sjå fram til ei stund med musikalsk leik, humor og god stemning. Det er gratis inngong til samankomsten.