Har du innspel til påskemøtet i Valle?

Onsdag 27. mars skipar Valle kommune til det årvisse påskemøtet der kommunen får hyttefolket i tale. No er tida inne for den som har innspel til tema på møtet.

Torunn Charlotte Nyberg i Valle kommune vil ha innspel om det komande påskemøtet onsdag 27. mars. - Klikk for stort bileteTorunn Charlotte Nyberg i Valle kommune vil ha innspel om det komande påskemøtet onsdag 27. mars. Ole Birger Lien

Valle kommune utarbeider no program for dagen. I tillegg til kommunens eigne representantar mellom anna frå teknisk, kultur og kommunikasjon, er aktørar som Brokke AS, Bjørnevatn løypelag, Raudekrossen og politiet alt klare.

– Så er det viktig at hyttefolket også kan ynskje seg tema eller får kome til også i forkant med ulike synspunkt på kva møtet bør innehalde. Difor håpar eg at alle som måtte ha noko på hjarta sender meg ein e-post snarast, seier leiar kultur i Valle kommune, Torunn Charlotte Nyberg. 

Ho er programleiar for møtet, og du kan sende henne ein e-post HER

Møtet, som blir skipa til i Sæbyggjen, er frå klokka 10-12. Samankomsten blir avslutta med “open post” der dei som er med kan kome med det dei måtte ha av spørsmål.