Har du tomgods til ein gjeng lesehestar?

6. klasse ved Valle skule er trekt ut som ein av ni såkalla juryklassar i den nasjonale lesekampanjen “Bokslukarprisen”. Boka som til slutt får prisen kjem til å bli lest av meir enn 120.000 skuleelevar landet rundt. Gjengen drar til Oslo i april, og no samlar dei inn tomgods som del av finansieringa av turen! 17. mars er innsamlingsdagen.

Ein fin gjeng 6. klassingar ved Valle skule som er ein av bare ni juryklassar i den nasjonale kampanjen Bokslukar-prisen. Frå venstre: Malene Rike, Lisbet Kjetilsdotter Brottveit, Audny Djuvik Lillekvelland, Ellie Brokke, Knut Hasla Myrum, Ghassan Almijan, Daniel Haugå Løyland, Trym Voldseth og Ola Retterholt Hovet. - Klikk for stort bileteEin fin gjeng 6. klassingar ved Valle skule som er ein av bare ni juryklassar i den nasjonale kampanjen Bokslukar-prisen. Frå venstre: Malene Rike, Lisbet Kjetilsdotter Brottveit, Audny Djuvik Lillekvelland, Ellie Brokke, Knut Hasla Myrum, Ghassan Almijan, Daniel Haugå Løyland, Trym Voldseth og Ola Retterholt Hovet. Ole Birger Lien

Bokslukar-prosjektet har peika ut fem superfavoritt-bøker som juryklassane skal lese, kritisere, vurdere og på alle vis analysere. Til slutt skal dei velje ein favoritt. I april blir det klart kva bok av dei fem som vinn prisen. Det er dei ni juryklassane saman som skal kåre vinnaren. 6. klasse skal til Oslo og vere med på heile seremonien. Kvar av elevane i Valle må ha vore gjennom meir enn 1000 sider før dei kan felle domen over dei fem såkalla superfavoritt-bøkene.

Samlar inn tomgods

Så kostar sjølvsagt ein tur til Oslo pengar, men 6. klasse ved Valle skule veit råd! Dei vil rundt i bygda og samle inn tomgods, og den store innsamlingsdagen er 17. mars. Då kjem dei rundt, og den som har tomgods men ikkje er heime kan bare sette alt saman på trammen, så ordner elevane med resten.