Formannskapet i Valle kommune har vedteke retningsliner for søknad om støtte til arrangement eller andre tiltak for lag, organisasjonar og andre. Sakshandsamar Henri Tore Viki slår fast at retningslinene gjer både søknadsprosess og sakshandsaming enklare.
Ole Birger Lien
Støtteordningar som omfattar ulike tilskot til arrangement skal vere med på å fremje trivsel og livskvalitet blant innbyggjarane. Lokale initiativ og projekt som bidreg til eit aktivt og inkluderande nærmiljø skal få litt kommunal drahjelp.
– Med retningslinene på plass blir både sakshandsaming men ikkje minst søknadsprosessen enklare. Med klåre retningsliner blir spørsmåla færre, slår Henri Tore Viki i Valle kommune fast.
Må søke før oppstart
Utgangspunktet i retningslinene er at ein må søke om støtte før oppstart av tiltaket, ein må bruke det digitale skjemaet ein finn på heimesida til kommunen, og søknadsfrist er 1.4 og 1.10 kvart år.
– Det betyr at det blir ei handsaming av alle innkomne søknader innan søknadsfristen to gonger i året, seier Viki.
Ein kan søke om støtte til aktivitetar og tenester, satsing som skaper inkludering og mangfald, gjev betra rammer for oppvekst og ikkje minst stimulerer til auka deltaking innan kultur og idrett.
HER er lenke til søknadsskjema og retningsliner.