Geir Helge Solheim i Valle kommune på dei to parkeringsplassane for rørslehemma som no er på plass ved Valle sparebank.
Ole Birger Lien
Skiltet som viser at det er snakk om plassar der rørslehemma kan parkere, er på plass på veggen.
– No blir det snart ordna med merking også på asfalten. Det er eit dobbelt felt, og har difor plass til to vanlege eller ein stor bil, seier Geir Helge Solheim i Valle kommune.
Han strekar under at ein håpar dei to felta ikkje blir nytta som ordinære parkeringsplassar, men bare blir nytta av dei som skal bruke plassane.
– Bra å få på plass
Banksjef i Valle sparebank, Elisabeth Slettedal, gler seg over at parkeringsplassane no er klare.
– Eit sers viktig tilbod for dei som treng det. Dette var bra, seier ho.