Heidra tre 25-årsjubilantar i Valle kommune!

Under det kommunale jolebordet i Valle nyleg vanka det “gullklokke” på tre jubilantar med 25 år som tilsette i kommunen. Gullklokke i hermeteikn fordi jubilantane kunne velje ein gåvesjekk på 8000 kr. i staden, noko dei alle takka ja til.

Valle-ordførar Lars Tarald Myrum, Gunn Lien og kommunedirektør Vidar H. Homme. - Klikk for stort bileteValle-ordførar Lars Tarald Myrum, Gunn Lien og kommunedirektør Vidar H. Homme. Ole Birger Lien

Gunn Lien, Magnhild Tveit og Lisbeth Hurthi Homme fekk alle kommunal påskjøning for lang og solid innsats. Til sjølve “seremonien” var det bare ei av dei som kunne møte.

25 år på kjøkkenet

Gunn Lien har stått bak grytene på Valle bygdeheim i alle desse åra. Ho er fagutdanna kokk, og kom til Valle med nok av matmessig kompetanse. Redd for å tenke litt utanfor boksen på kjøkkenet har ho heller aldri vore, til glede for matglade både på jobb og privat. 

– Ikkje mange stader er mat og kosthald så viktig som på ein bygdeheim. Mat betyr trivsel og helse, slo Valle-ordførar Lars Tarald Myrum fast i sin tale.

Fleksibel hjelpepleiar

Lisbeth Hurthi Homme byrja karriera si i Valle kommune som lærarvikar på skulen. Det var likevel ikkje lenge før ho var i sving som hjelpepleiar på Valle bygdeheim. Der har ho med åra hatt mange oppgåver, og er kjent som ei fleksibel og sers dyktig dame. Ho har jobba på habilitering og på aldersheimen, og har også hatt merkantile oppgåver. Eit anna viktig arbeidsområde for henne har vore som rettleiar for lærlingar.

Engasjert lærar

Magnhild Tveit har vore lærar på Valle skule i alle dei 25 åra ho no blir heidra for. Ho er utdanna almennlærar, audjunkt med opprykk på fint, og er sett stor pris på både av elevar og kolleger. Magnhild har vore klassestyrar i fleire omgangar, og har undervist i alle klassesteg med unnatak av 1. klasse. Alle jubilantane kan altså skilte med eit kvart århundre i Valle kommune - og er på det viset arbeidstakarar som har vore med på å sikre kontinuiteten i organisasjonen.