Heieplansamling på Hovden i gang

Heieplansamlinga på Hovden over to dagar er no i gang. Bykle-ordførar Hans Blattmann helsa velkomen til ein fullsett sal på Hovdestøylen.

Statssekretær Kjersti Bjørnestad i gang på Heieplansamling på Hovden. - Klikk for stort bileteStatssekretær Kjersti Bjørnestad i gang på Heieplansamling på Hovden. Ole Birger Lien

– Dialog er betre enn kunstig intelligens. Eg har tru på at me saman kan kome fram til gode løysingar, få styresmaktene i tale og gjere det me kan for å medvirke i prosessar knytta til heieforvaltning, sa Blattmann i opningstalen

Om tilstanda for villreinen

Statssekretær i Klima- og miljødepartementet,  Kjersti Bjørnestad, opnar samlinga med ein gjennomgang av mellom anna korleis styresmaktene ser på tilstanda for villreinen, og ikkje minst prosessen knytta til ulike forslag til tiltaksplanar som skal betre tilhøva for stammen. Så går det slag i slag med innlegg om alt frå korleis ein ser situasjonen her i regionen, korleis arealforvaltninga i villreinområde skal utviklast og likevel sikre stadsutvikling og bruk med tema som levande bygder og lokalsamfunn.

Arbeidsverkstad

Ein skal også sjå på tilretteleggjing av villreinvenleg ferdsle før samlinga blir avslutta fredag med arbeidsverkstad der besøksforvaltning og andre tema står på lista. 

Ope møte om tiltaksplananen for villrein

Så kan det vere på sin plass å minne om at Klima- og miljødepartementet skipar til ope møte om tiltaksplanen for villrein i Hovden grendehus klokka 17 i dag.