Heimevernet med øving i heile Agder

Frå tidlegare denne veka og like til torsdag 14. mars er Heimevernet i sving med øvinga Jøssing i heile Agder.

Heimevernet øver seg i heile Agder fram til torsdag 14. mars. - Klikk for stort bileteHeimevernet øver seg i heile Agder fram til torsdag 14. mars.

Øvelsen er koordinert med politiet, og det blir nok av uniformerte soldatar å sjå rundt om. Så minner HV om at mistenkeleg aktivitet som alltid skal meldast inn, men soldatar i felt i Agder er altså ikkje slik aktivitet.

Militær trafikk

Under øvelsen blir det ein del militær trafikk på enkelte vegar. Både lausammunisjon og ljosrakettar skal i bruk, og somme stader må ein rekne med noko støy døgeret rundt.